Viser innlegg med etiketten Finepix Fujifilm. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Finepix Fujifilm. Vis alle innlegg

onsdag 24. mars 2010

Gammal kystkultur.



Ein liten kommentar til det nedste bildet. På grunn av holmen rett fram som ligg på skrå ser det ut som om bildet ikkje er "i vater", men det er det altså. Eg kunne tenkt meg å hatt litt meir av naustet med, men på andre sida låg det ulike ting som ville øydelagt inntrykket. Eg har fleire bilde i same sjanger på dette innlegg på Heimdal-bloggen om nokon har lyst til å ta ein kikk.

mandag 1. juni 2009

Tusenfryd

Eg har skore bilde og redigert litt i photo scape.

tirsdag 24. februar 2009

På tur i vakkert landskap.

Bilde er frå ei merka turløype her på Bokn. Bildet er tatt 28. desember ifjor. Vil du sjå fleire bilde frå turen kan du kikke innom bloggen min her.

lørdag 14. februar 2009

Vinterdvale.

Etter at eg sjølv har vore i "vinterdvale" dei siste vekene ettersom dataen har vore til reperasjon prøver eg meg igjen på Norsk nettfoto. Bilde er tatt ved Bokn kyrkje. Eg har gjort bildet litt skarpare i PhotoFiltre. Vurderte å legge det ut i svartkvitt, men tok likevel orginalen. Vil gjerne ha kommentarar. Har du lyst å endre på bilde så versågod.

tirsdag 9. desember 2008

Verdas beste utelampe!

Eg har "fanga" sola og sett henne i glas og rame. Bilde er ikkje topp kvalitetsmessig, men har lyst å fokusere på idé og motiv. Retta litt opp, skore og lagt på litt farge.

onsdag 26. november 2008

Ein liten istapp.

Eg har skore bilde og gjort det litt skarpare i Fotofiltre.

søndag 23. november 2008

Kveldsstemning og morgonsol.


Bilda er tatt med tre dagars mellomrom i mai. Veret er nydeleg begge dagar, likevel er det store kontrastar mellom klokka ni om kvelden og ni om morgonen. Det siste bilde er skore litt fordi eg måtte rette det litt opp. Begge bilda er gjort ørlite skarpare i Fotofiltre.
Bilda er blitt større enn dei er, nokon som kan rette på dette? Eg målte, dei er to cm breiare her enn dei er i arkivet mitt.Kvifor? Bilda ser uskarpe ut og det er dei ikkje.

lørdag 15. november 2008

Tett på ein "raud prikk".

Eit siste forsøk. Vil gjerne lære og bli betre. Eg har skore bilde annleis og speilvendt det denne gongen. Eg har også redusert lys og lagt på kontrast.

Etter råd frå John har eg skore det øvste bildet så mykje eg kan og lagt på litt meir kontrast. På det nedste bilde fokuserte eg på at kvisten insektet sat på skulle vere med, dermed blei insektet på veg ut av bildet. På dette bilde er "prikken" på veg inn i bildet. Synest sjølv at dette blei betre. Ser at bildet er skore i det meste, synest det er litt uskarpt. Vil gjerne høyre andre si meining?


Eit lite insekt som sit på ein einerkvist i hagen min. Skore og redigert i Fotofiltre.


lørdag 8. november 2008

fredag 7. november 2008

Lilla klokker.



Ein serie bilde frå september. Her er fokuset mitt form og farge på blomane. Eg blei merksam på den vesle "rakkaren" på nedste bilde og måtte ha han med. Merkeleg at eg endar opp med så mange edderkoppbilde, eg som får frysningar av dei... (eg er merksam på at bakgrunnen er litt rotete)
Bilda er skorne og redigert forsiktig i Fotofiltre.