Viser innlegg med etiketten Marie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Marie. Vis alle innlegg

torsdag 9. desember 2010

onsdag 24. mars 2010

Gammal kystkultur.



Ein liten kommentar til det nedste bildet. På grunn av holmen rett fram som ligg på skrå ser det ut som om bildet ikkje er "i vater", men det er det altså. Eg kunne tenkt meg å hatt litt meir av naustet med, men på andre sida låg det ulike ting som ville øydelagt inntrykket. Eg har fleire bilde i same sjanger på dette innlegg på Heimdal-bloggen om nokon har lyst til å ta ein kikk.

mandag 4. januar 2010

I vinterlys.

Dette er eit av bilda eg tok nyttårsafta. Bildet er utsnitt av eit større, i tillegg til at eg har beskore det har eg "leika meg litt" med lys og farge i PhotoScape.

onsdag 30. september 2009

Sommarfuglvenger.

Ja det blei mykje rosa. Eg har ikkje Photo Shop, men eg har gjort eit forsøk på å endre dette med PhotoScape.
Ikkje så mykje meir å seie enn at bilde er redigert i PhotoScape.

torsdag 13. august 2009

Ny macrolinse.

Takk for konstruktiv kritikk Dagrun og Rune. Sjølv er eg veldig glad i ramer på bilda, men har her funne ei ganske enkel. Synest iallefall sjølv at bildet blei mykje betre, skarpare og klarare. Godt at de gjorde meg merksam på det. Takk skal de ha :)
Eg har kjøpt meg ny macrolinse Sigma 50mm 1:2,8DG MACRO. Denne linsa skulle vere god for nybegynnerar fordi ho var lyssterk og lukkartida dermed blei kort. I dag har eg vore ute og prøvd henne for første gong.

mandag 6. juli 2009

tirsdag 23. juni 2009

Aks

Synest fargane i bakgrunnen passar fint til strået. Bilde er litt skore.

søndag 21. juni 2009

Frøstand

Frøstand på alpeklematis. Redigert i photoscape.

mandag 1. juni 2009

Tusenfryd

Eg har skore bilde og redigert litt i photo scape.

tirsdag 26. mai 2009

Skal det vere ein munnfull takløk?

Eg er begynt å prøve ut Canon EOS 450D. Mykje å lære her så eg treng tid. Redigert kontrast og djupare farge i Photo Scape.

tirsdag 24. februar 2009

På tur i vakkert landskap.

Bilde er frå ei merka turløype her på Bokn. Bildet er tatt 28. desember ifjor. Vil du sjå fleire bilde frå turen kan du kikke innom bloggen min her.

lørdag 14. februar 2009

Vinterdvale.

Etter at eg sjølv har vore i "vinterdvale" dei siste vekene ettersom dataen har vore til reperasjon prøver eg meg igjen på Norsk nettfoto. Bilde er tatt ved Bokn kyrkje. Eg har gjort bildet litt skarpare i PhotoFiltre. Vurderte å legge det ut i svartkvitt, men tok likevel orginalen. Vil gjerne ha kommentarar. Har du lyst å endre på bilde så versågod.

tirsdag 23. desember 2008

Eg vil med dette bilde av juleamaryllisen min ønskje alle medlemmer og besøkande på nettfoto ei fin julefeiring!

tirsdag 9. desember 2008

Verdas beste utelampe!

Eg har "fanga" sola og sett henne i glas og rame. Bilde er ikkje topp kvalitetsmessig, men har lyst å fokusere på idé og motiv. Retta litt opp, skore og lagt på litt farge.

onsdag 26. november 2008

Ein liten istapp.

Eg har skore bilde og gjort det litt skarpare i Fotofiltre.

søndag 23. november 2008

Kveldsstemning og morgonsol.


Bilda er tatt med tre dagars mellomrom i mai. Veret er nydeleg begge dagar, likevel er det store kontrastar mellom klokka ni om kvelden og ni om morgonen. Det siste bilde er skore litt fordi eg måtte rette det litt opp. Begge bilda er gjort ørlite skarpare i Fotofiltre.
Bilda er blitt større enn dei er, nokon som kan rette på dette? Eg målte, dei er to cm breiare her enn dei er i arkivet mitt.Kvifor? Bilda ser uskarpe ut og det er dei ikkje.